Målet er å få eit betre grunnlag for å handtere veksten i turismen på ein berekraftig måte.
- Sognefjorden er ein av Noreg sine mest besøkte turistdestinasjonar. Turismen har i det siste hatt ein sterk auke, og vil auke endå meir i åra som kjem. Difor er det viktig å skaffe seg eit godt bilete av utfordringane dette gjev, slik at vi kan tilby eit godt produkt for både gjester og vertskap, seier leiar i Sognarådet, ordførar Roy Egil Stadheim. Han legg til at det var hyggeleg at det var den lokale forskingsinstitusjonen Vestlandsforsking som vann anbodet.
Den forventa turistveksten kan føre til utfordringar knytt til kø og trengsel, og stor slitasje på turstiar, utkikkspunkt og enkelte fjordbygder. Samstundes finst det område med kapasitet til å ta imot fleire turistar. For å sikre ei balansert utvikling er det behov for eit solid kunnskapsgrunnlag, slik at regionen kan prioritera og iverksette målretta tiltak.
Mål for prosjektet
Studien vil gje kommunar og reiselivsnæringa eit godt fundament for å vurdere og avgjere kva som er akseptabelt tal på gjestar i bygdene. Det vil kome forslag til korleis leggje til rette for god lokal utvikling og besøksstyring innanfor anbefalt tolegrense med omsyn til folkemengder, verdiskaping og slitasje på naturområde. Resultatet vil vere ein handlingsplan med tiltak på kort og lang sikt for å handtere turiststraumen.
Studien vil også handla om korleis lokale tilbod kan bidra til å auke innteninga per turist og forlenge opphalda.
Samarbeidspartnarar
Vestlandsforsking gjennomfører oppdraget i samarbeid med Norsk institutt for naturforsking (NINA) og rådgjevingsselskapet SPOR. Som del av prosjektet vil det bli gjennomført ei innbyggjarundersøking, i tillegg til intervju, bedriftsbesøk og feltarbeid. Sognarådet har med Visit Sognefjord som fagleg rådgjevar for oppdraget.
Foto: Rainer Kleive