- Norsun har kjempa i ein tøff kamp i ein utfordrande internasjonal marknad - der storpolitikken rår. Det er imponerande at dei har greidd det så lenge, seier Stadheim. Han viser til at Norsun har vore unik, som einaste waferprodusenten utanfor Kina.
- Konkursen er tragisk på mange måtar. For regionen vår er det tap av arbeidsplassar, kompetanse og teknologi. Den største belastninga tek dei som har gjort eventyret mogeleg og stått i det i vanskelege tider. Dei mistar no arbeidet. For Sognarådet vil desse personane og deira familiar vere fokuset i tida som kjem. Heile regionen må bidra litt ekstra for å skaffe desse nytt arbeid og tryggleik.