Sognarådet meiner fylkesdirektøren sin argumentasjon for å sjå på tilbodsstrukturen er dekkande for utfordringane Vestland står framfor. Dette gjeld både forventa elevtalsutvikling, søkinga til vidaregåande opplæring, økonomisk situasjon i fylkeskommunen og regionalt kompetansebehov. Det er ikkje tvil om at det er nødvendig med endringar i tilbodsstrukturen i Vestland.
Med dette høyringssvaret, ønskjer Sognarådet å utfordre Vestland fylkeskommune til å:
- Beholde breidde i programområde i Sogn, inkludert periodar der programområda har lågare søkjartal.
- La dei to skulane i Sogn utvikle eit felles påbyggtilbod der elevane får undervisning i både Årdal og i Sogndal. Ressursen til påbyggklassen skal ligge til Årdal vidaregåande skule.
- La dei to skulane få utvikle eit tilbod der elevar på yrkesfag får integrert både fagbrev og studiekompetanse i utdanningane sine. Ressursen skal ligge til Sogndal vidaregåande skule.
Elevtalsutviklinga
Indre Sogn har stabilt elevtal med like mange elevar i 2033 som i 2024, medan det er forventa nedgang i dei andre regionane i Vestland.
Befolkninga i Indre Sogn er ung. Det er derfor særs viktig at vi beheld alle programområde og tal klassar som vi har i dag for å ha tilbod til alle ungdommane i Indre Sogn. Dei elevane og klassene vi har i Indre Sogn forventar vi å behalde i eigen region.
I tillegg til ungdomsgruppa har Indre Sogn tradisjon for å ønskje flyktningar og andre innvandrarar velkomen til regionen. Denne gruppa er også ein viktig del av elevgrunnlaget til vidaregåande opplæring i regionen, då utdanning er ein viktig føresetnad for arbeid og inkludering.
Sognarådet aksepterer ikkje at elevar frå Indre Sogn må ta utdanning i andre inntaksområde fordi andre område har overkapasitet i elevplassar.
Programområda
Sognarådet sitt fokus er å ha eit regionalt tilbod med tilstrekkeleg breidde til å treffe dei fleste elevane sine behov for å gå på skule i rimeleg avstand til heim og heimkommunen, og som tek omsyn til kompetansebehovet til lokalt arbeids- og næringsliv.
Programområda på dei to skulane Sogndal og Årdal treff samla sett godt på kompetansebehova til arbeidslivet i Indre Sogn.
Sognarådet er særs oppteken av at vi beheld denne breidden i eigen region for å møte framtidige krav til kompetanse og utdanning. Det tilbodet vi har i Indre Sogn må halda fram i Indre Sogn.
Påbygging
Fylkesdirektøren sitt forslag er å flytte påbygging frå Årdal vgs til Sogndal vgs. Grunngjevinga i høyringsforslaget er at Sogndal har fleire elevar på yrkesfag og potensielt færre som treng å flytte på hybel. Intensjonen i framlegget er god, og faktagrunnlaget truleg rett.
Sognarådet ser det imidlertid som avgjerande at vi held på dei tilboda som er i Sogn for å sikre framtidige kompetansebehov.
Påbygg inngår som viktig del av grunnlaget for Årdal vidaregåande skule. Ei evt. flytting av påbygging som fylkesdirektøren foreslår får negative konsekvensar for Årdal vgs på sikt.
Sognarådet ynskjer at dei to skulane i Sogn utviklar eit felles påbyggtilbod og at elevane får undervisning både i Årdal og i Sogndal. Ressursen skal ligge til Årdal vidaregåande skule.
Samarbeid om utdanningstilbod i Indre Sogn
Dei to vidaregåande skulane ligg i ein felles bu- og arbeidsregion og har i dag eit tett samarbeid. Tilboda utfyller kvarandre, og skulane konkurrerer ikkje om dei same elevane. Dei to vgs ser moglegheiter for enno sterkare samarbeid i åra som kjem og med felles satsingar for å styrka utdanningstilbodet i regionen. Det er også dialog i regionen for å sjå på samanslåing av dei to skulane.
Ungdommane er mindre mobile enn før, og færre reiser andre plassar for å ta vidaregåande opplæring. Yrkes- og studiekompetanse (YSK) gir utdanning med fagbrev og spesiell studiekompetanse. Fylkesdirektøren foreslår å sentralisera YSK-tilbodet til ein skule i Vestland. Sognarådet er usamd i at tilbodet blir sentralisert og vi meiner eit slikt tilbod bør vera tilgjengeleg også for elevar i Indre Sogn.
Skulane har eit breitt utdanningstilbod som på ein god måte kan tilby aktuelle fag til dei elevane som er motiverte, og som elevane kan ta medan dei er på skulen. I læretida kan dei ta påbygg i nettskulen. Ei slik utdanning vil gje eit godt grunnlag for vidare studie og gir kompetanse som næringslivet etterspør. Skulane har i dag eit godt samarbeid med næringslivet i Sogn. Ressursen skal liggje til Sogndal vidaregåande skule.
Indre Sogn har kompetansebehov innan det grønne skiftet og elektrosatsinga i regionen. Dei to skulane ønskjer ei felles satsing på å få fleire jenter til å velje elektro, teknologi- og industrifag, bygg- og anleggsteknikk og realfag på studiespesialiserande. Skulane vil starte arbeidet med å rekruttera jenter tidleg i ungdomsskulen og vil invitere næringslivet med i samarbeidet. Vi utfordrar fylkeskommunen til å bidra til eit pilotprosjekt på dette i Sogn. Sogn har mange kompetansemiljø til ein slik pilot.
Klassestorleik
Skulane er ikkje tilpassa utviding av elevtal frå 12 til 15 på yrkesfag slik fylkesdirektøren legg til grunn i høyringsframlegget. Føresetnaden for ei slik auke i elevtalet er at lokala blir utvida.